Kinkdom (stundom kalla Kinks Kinkdom) er eit album av det engelske bandet The Kinks som berre vart gjeven ut i USA i 1965. Som med albumet Kinks-Size bestod det hovudsakleg av songar som ikkje vart gjevne ut på dei tilsvarande britiske albuma. Albumet nådde 47. plass på albumlista.

Albumet inneheld alle dei fire songane frå den britiske EPen Kwyet Kinks, «Naggin' Woman» som ikkje kom med på den amerikanske utgåva av det førre albumet Kinda Kinks, dei amerikanske singlane «Who'll Be the Next in Line», «See My Friends»/«Never Met a Girl Like You Before» og B-sida «I Need You». «It's Alright» var B-sida til gjennombrotssingelen deira frå 1964, «You Really Got Me»,m en hadde enno ikkje kome ut på eit amerikansk album. «Louie Louie», ein annan song frå 1964, hadde tidlegare vore på Kinks-Size.

Dette var det siste studioalbumet av The Kinks som berre kom ut i USA. Frå og med det neste albumet, The Kink Kontroversy, var alle albuma deira identiske på begge sider av Atlanteren.

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kinkdom» frå , den 16. april 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Kinks-album Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Album produserte av Shel Talmy Kategori:Reprise Records-album