Nils Gustav Wentzel () var ein norsk målar.

Liv Faren var salmakarmeister. Gustav gjekk som ung i lære som murar, og hadde planer om å utdanne seg som arkitekt. Han var 1879-81 elev både hjå Knut Bergslien og på Tegneskolen. Han studerte vidare hos Frits Thaulow i 1883, og i Paris i 1884 og 1888-89.

venstre|mini|Sommer, 1886

Wentzel budde i Asker 1892-1901 og 1904-13, i Vågå 1902-04 og 1913-20 og i Lom frå 1920 til han døydde. Han gifta seg i Paris i 1889 med bilethoggar og journalist Christiane Marie Bætzmann (Kitty Wentzel, 1868-1961). Ekteskapet vart oppløyst i 1910, men ho skreiv likevel ein biografi om han seinare.

Virke Wentzels beste bilete er måla med stor detaljrikdom og presisjon i detaljane, i samsvar med dei naturalistiske ideane på 1880-talet. Eit godt døme er Snekkersvennen (1881). Biletet, som vart refusert av Christiania Kunstforening, vart den direkte årsaka til skipinga av den kunstnarstyrte Haustutstillinga. Snekkersvennen heng i Nasjonalgalleriet, til liks med Frokost (1882) og Frokost 2/Morgenstemning (1885).

Frå 1890-åra av arbeidde han med friare fargebruk og nyromantiske drag. Etter hundreårsskiftet måla han mellom anna dekorative vintermotiv.

Måleri

Litteratur Sigurd Willoch. «Gustav Wentzel». I: Kunst og kultur 1927 Kitty Wentzel. «Gustav Wentzel». I: Kunst og kultur 1942 Kitty Wentzel. Gustav Wentzel. Gyldendal, 1956 Gustav Wentzel 1859-1927 : Bjarne Tøien 1899-1963. Aurskog, 1999. Utstillingskatalog. Av innhaldet: Ingebjørg Ydstie. «Den vare iakttageren», s. 11-19

Bakgrunnsstoff

lomweb.com kort om Wentzels tilknyting til Lom Tidsskrift for den norske lægeforening Øivind Larsen; studie av Frokost 2

Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Oslo