mini|Gruppefoto av Mercury Seven iført Mercury-romdraktar. The Mercury Seven (og kjend som The Original Seven eller astronautgruppe 1) var ei gruppe på sju astronautar som den 9. april 1959 vart plukka av NASA til å ta del i Mercury-programmet. Dette er den einaste astronautgruppa som deltok på alle typar bemanna romferdsprogram som fann stad på 1900-talet. Frå Mercury- og Gemini-ferdene, Apollo-programmet og til sist, John Glenn si ferd på STS-95 i romferjeprogrammet.
Pr. mai 2009, er det berre John Glenn og Scott Carpenter som framleis er i live av the Mercury Seven.
Dei sju utvalde:
Alan Bartlett Shepard Jr., United States Navy, (1923 – 1998) MR-3 (Freedom 7), Apollo 14 Virgil Ivan (Gus) Grissom, United States Air Force, (1926 – 1967) MR-4 (Liberty Bell 7), Gemini 3, Apollo 1 John Herschel Glenn Jr., United States Marine Corps, (1921 – 2016) MA-6 (Friendship 7), STS-95 Malcolm Scott Carpenter, United States Navy, (1925 – 2013) MA-7 (Aurora 7) Walter Marty (Wally) Schirra Jr., United States Navy, (1923 – 2007) MA-8 (Sigma 7), Gemini 6A, Apollo 7 Leroy Gordon Cooper Jr., United States Air Force, (1927 – 2004) MA-9 (Faith 7), Gemini 5 Donald Kent (Deke) Slayton, United States Air Force, (1924 – 1993) Apollo-Soyuz Test Project
Kategori:Mercury-programmet Kategori:Romfararar