Super Mario RPG, med undertittelen Legend of the Seven Stars i den nordamerikanske utgjevinga, er eit rollespel utvikla av Square og utgjeve av Nintendo til Super Nintendo Entertainment System. Spelet blei utgjeve den 9. mars 1996 i Japan og den 13. mai 1996 i Nord-Amerika. Nintendo gav spelet ut til Virtual Console-tenesta til Wii i 2008 og til den tilsvarande tenesta til Wii U ​​i juni 2016. Nintendo har også gjeve ut spelet på nytt i september 2017 som ein del av Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System.

Super Mario RPG er det første datarollespelet i Mario-serien. Spelemekanikkane har grunnleggande likskapar med andre rollespel frå Square, som Final Fantasy-serien, med ei historie og actionbaserte element avleia av Super Mario-serien.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Wii Virtual Console Offisiell nettstad for Wii U Virtual Console

Kategori:Dataspel frå 1996 Kategori:Dataspel utvikla av Square Kategori:Mario-rollespel Kategori:Super Nintendo Entertainment System-spel Kategori:Virtual Console-spel til Wii Kategori:Virtual Console-spel til Wii U