«Subterranean Homesick Blues» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på albumet hans Bringing It All Back Home i mars 1965. Månaden etter vart songen gjeven ut som singel og vart den første songen til Dylan som gjekk inn på Topp 40-lista i USA, då han nådde 39. plass. Songen var ein av dei første «elektriske» songane Dylan gjorde, og er òg kjend for den innovative musikkvideoen som følgde. Videoen var opphavleg ein del av D.A. Pennebaker-dokumentaren Dont Look Back.
mini|venstre|Bob Dylan under ein konsert i 1963.
Inspirasjon
«Subterranean Homesick Blues» var ei blanding av Jack Kerouac, Guthrie/Seeger-songen «Taking It Easy» ('mom was in the kitchen preparing to eat/sis was in the pantry looking for some yeast') og Chuck Berry-songen «Too Much Monkey Business».
Den første linja i songen er ein referanse til kodeindestillering og interessa for politikk på denne tida: «Johnny's in the basement mixing up the medicine» ('Johnny er i kjellaren og blandar medisinen'), «I'm on the pavement thinkin' about the Government» ('Eg er på fortauet og tenkjer på regjeringa').Andy Gill (1998). Classic Bob Dylan 1962-69: My Back Pages: s.68-69,96 Songen omhandlar òg den veksande konflikten mellom dei vanlege arbeidarane og motrørsla som dukka opp i 1960-åra. Den aukande merksemda rundt narkotikabruk og uroa rundt Vietnamkrigen var begge i ferd med å ta grep om nasjonen og den ordrike teksten til Dylan var tett med hentydningar til element som akkurat hadde dukka opp i ungdomskulturen.
Songen syner òg til striden rundt den amerikanske borgarrettsrørsla, som i «Better stay away from those / That carry around a fire hose» - 'Betre passa seg for dei som fer rundt med brannslangar'. Linja synte til fredelege demonstrantar som vart slått og sprøyta med brannslangar. Trass i den politiske teksten vart songen den første Topp 40-hitten til Dylan i USA.
Ettermæle Songen er av musikkmagasinet Rolling Stone plassert på 332. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. «Subterranean Homesick Blues» har hatt stor innverknad og er referert til av både musikarar og andre folk. Til dømes var tekstlinja «you don't need a weatherman to know which way the wind blows» inspirasjon for namnet til den amerikanske radikale venstregruppa Weathermen, som var ein utbrytar av Students for a Democratic Society. John Lennon skal ha sagt at han var så fengsla av songen at han ikkje visste korleis han kunne klare å skrive ein song som kunne «konkurrere» med han. Gruppa Firehose (tidlegare Minutemen-medlemmar) tok namnet sitt frå den kjende åtvaringa i songen: «Better stay away from those that carry around a fire hose...» I tillegg har opninga på siste verset, «Ah get born, keep warm», gjeve namn til debutalbumet til det australske garasjebandet Jet, Get Born.
Songen er òg referert til i andre sine songar, til dømes Radiohead sin «Subterranean Homesick Alien» frå OK Computer, skapunkbandet Mustard Plug sin «Suburban Homesick Blues» frå Evildoers Beware og indiebandet The Grifters sin «Subterranean Death Ride Blues».
Andre utgåver Mange andre har spelt inn versjonar av songen, som Gregory Isaacs, Tim O'Brien, The Red Hot Chili Peppers, Doug Kershaw, Harry Nilsson og Alanis Morissette.
Musikkvideo mini|Bob Dylan med Allen Ginsberg i 1975.
I tillegg at songen har hatt stor innverknad i musikkhistoria kom songen òg med ein av dei første musikkvideoane som vart laga. Klippet var i røynda opninga på ein dokumentarfilm av D. A. Pennebaker, Dont Look Back. Videoen vart av musikkmagasinet Rolling Stone ramgert på 7. plass i 1993 på lista deira over dei 100 beste musikkvideoane.rockonthenet.com I videoen held Dylan fram små plakatar med ord og frasar frå teksten. Plakatane vart skrivne av Donovan, Allen Ginsberg, Bob Neuwirth og Dylan sjølv. Medan han ser på kamera snur han plakatane i takt med musikken. Videoen vart filma i ei bakgate ved Savoy Hotel i London der Ginsberg og Neuwirth dukkar opp i bakgrunnen, i ein park og på taket av ein ukjend bygning.
Medverkande Personell per Olof Bjorner.Bjorner, Olof, Still on the Road 1965, 790
Bob Dylan – akustisk gitar, munnspel, vokal Al Gorgoni – gitar Kenny Rankin – gitarBio: Kenny Rankin Bruce Langhorne – gitar Joseph Macho Jr. – bass William E. Lee – bass Bobby Gregg – trommer
Bakgrunnsstoff bjorner.com - Liste over coverversjonar Teksten og lydklipp musicbox.sonybmg.com - Musikkvideoen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Subterranean Homesick Blues» frå , den 20. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar produserte av Tom Wilson Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Alanis Morissette-songar Kategori:Harry Nilsson-songar Kategori:Red Hot Chili Peppers-songar Kategori:Dave Stewart-songar Kategori:Rickie Lee Jones-songar Kategori:Stereophonics-songar 332 Kategori:Songar om narkotika Kategori:Utvalde artiklar 2025