Forbrukar- og administrasjonsdepartementet er eit tidlegare norsk departement.
Departementet vart oppretta den 8. mai 1972, under Regjeringa Bratteli I.
Departementet kom for ein stor del i staden for Familie- og forbrukardepartementet, som vart lagt ned samtidig. Inger Louise Valle, som hadde vore statsråd i Familie- og forbrukardepartementet vart den første statsråden i det nyoppretta Forbrukar- og administrasjonsdepartementet.
Departementet vart lagt ned under Regjeringa Syse, den 31. desember 1989. Frå 1. januar 1990 vart familie- og forbrukarsakene behaldne i det nye Familie- og forbrukardepartementet. Frå same dag vart administrasjonssakene saman med arbeidssakene frå Kommunal- og arbeidsdepartementet ført over til det nyoppretta Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Historie Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver. Familie- og forbrukardepartementet 21. desember 1956–7. mai 1972 Forbrukar- og administrasjonsdepartementet 8. mai 1972–31. desember 1989 Familie- og forbrukardepartementet 1. januar 1990–31. desember 1990 Barne- og familiedepartementet 1. januar 1991–31. desember 2005 Barne- og likestillingsdepartementet 1. januar 2006–31. desember 2009 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 1. januar 2010–
Sjå også Norske forbrukar- og administrasjonsministrar
Kjelder
Kategori:Tidlegare norske departement Kategori:Skipingar i 1972 Kategori:Nedleggingar i 1989