Rivas-Vaciamadrid er ein kommune der elvane Jarama og Manzanares renn saman i Regionen Madrid i Spania. Han ligg om lag 20 km frå sentrum av Madrid og har kring 100 000 innbyggjarar.

Dei siste åra har kommunen vore ein av dei som har vokse raskast i Spania, og har vokse frå kring 500 innbyggjarar i 1980-åra til over 100 000 i 2024. Han grenser i nord til Madrid og San Fernando de Henares, i sør til Arganda del Rey og San Martín de la Vega, i aust til Mejorada del Campo og Velilla de San Antonio og i vest til Getafe og Madrid (bydelen Villa de Vallecas.)

Trass i den kraftige vekstren, er om lag tre fjerdelar av kommunen park- og naturområde med mange innsjøar og rikt plante- og dyreliv.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rivas-Vaciamadrid» frå , den 15. november 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Regionen Madrid