Ole Østmo () var ein norsk skyttar og industrigrunnleggjar frå Elverum som var aktiv på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Skyttarkarriere Ole Østmo deltok i skyting under Sommar-OL i Paris i 1900 og tok fire olympiske medaljar. Han vann sølv i armégevær, ståande og lagskyting armégevær. I tillegg tok han bronsemedalje i sammanlagt, armégevær (ståande, kneståande og liggande summert) og liggande, armégevær.

Lagmedaljen i armégevær var den første lagmedaljen til Noreg i OL. Forutan Østmo, deltok Olaf Frydenlund, Hellmer Hermandsen, Ole Sæther og Tom Seeberg på det norske laget.

Østmo tok òg fleire medaljar i det første VM i skyting i Lyon i 1897; han tok gull i ståande, og sølv i samanlagtøvinga. Det norske laget vann sølv i lagskytinga. Industri På slutten av 1880-talet starta Ole Østmo Kverndals Brug og Kverndalens Snedkeri og Mekaniske Verksted saman med broren Christian. Christian var mekanikar og oppfinnar, Ole hadde størst interesse for elektro og telefonar. Dei fekk oppretta eige postopneri med eige poststempel: “Kverndalen” (seinare “Jømna”). På slutten av 1890-talet flytte Ole elektronikkbedrifta til Kristiania. Agentur for LM Ericsson i Sverige var viktig for bedrifta.

OL-medaljar 1900 Paris - Sølv Sølv i skyting, 300 m armégevær ståande 1900 Paris - Sølv Sølv i skyting, 300 m armégevær, 3 stillingar, lagskyting 1900 Paris - Bronse Bronse i skyting, 300 m armégevær liggande 1900 Paris - Bronse Bronse i skyting, 300 m armégevær, 3 stillingar

Kjelder

VCOM «KOMMUNIKASJON FOR I DAG OG I MORGEN»

Kategori:Norske skyttarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1900 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1900 Kategori:Skyttarar under sommar-OL 1900 Kategori:Folk frå Elverum Kategori:Norske industrigrunnleggjarar