Loch Torridon (skotsk-gælisk Loch Thoirbheartan) er ein sea loch eller ein fjord på vestkysten av Skottland i Northwest Highlands. Landsbyen Torridon ligg inst i fjorden, omgjeven av dei flotte Torridon Hills.
Fjorden er 25 km lang. I nord ligg landsbyane Redpoint, Diabeg, Wester Alligin og Alligin Shuas. På sørsida ligg Shieldaig.
Det vert fiska etter reker og skaldyr i Loch Torridon og her finst fleire anlegg for lakseoppdrett og blåskjel.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Loch Torridon» frå , den 16. januar 2010.
Torridon Torridon