Pentire Head er eit nes nord i Cornwall i England. Neset går nordvestover med Pentire Point i nordvest og The Rumps i nordaust. Opphavet til namnet kjem frå det korniske pen (hovud eller head) og tir (land). Headland tyder nes på engelsk.
Pentire Point og Stepper Point står på kvar si side av munningen til River Camel. Sør for Pentire Point ligg den vesle feriestaden Polzeath.
På neset The Rumps stod ei klippefestning frå jernalderen.
South West kyststi følgjer kysten rundt neset og mange turistbåtar seglar ofte rundt neset på veg til Padstow, som ligg i nærleiken. Neset er eigd av National Trust.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pentire Head» frå , den 17. januar 2010.
Bakgrunnsstoff Pentire Point ved Polzeath Bilete og informasjon frå Strolling Guides
Kategori:Nes i Cornwall Kategori:National Trust-eigedommar