thumb|Den amerikanske toarboben under Vinter-OL 2006 i Torino Ein bobsleigh er ein stålkjelke med to par meiar, som blir køyrd av to eller fire personar. Køyring med bobsleigh oppstod i Albany i New York i 1880-åra, og blei seinare introdusert i Sveits. Dei første konkurransane blei haldne på underlag av snø. Moderne bobbanar bør vere minst 1500 meter lange og ha minst 15 svingar, og det er ikkje uvanleg med fart på opptil 130 km/t. Det finst tolv baner som blir brukt til konkurranse på toppnivå:
Igls, Austerrike. 1220 m, 98 m høgdeforskjell, 14 prosent maksimal helling Calgary, Canada. 1475 m, 121 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling Cesana, Italia. 1435 m, 117 m høgdeforskjell, 9,2 % gjennomsnittleg fall La Plagne, Frankrike. 1507 m, 124,5 m høgdeforskjell, 14,5 % maksimal helling Altenberg, Tyskland. 1413 m, 122 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling Königssee, Tyskland. 1250 m, 117 m høgdeforskjell Winterberg, Tyskland. 1325 m, 110 m høgdeforskjell, 14,5 % maksimal helling Cortina d'Ampezzo, Italia. 1350 m, 120,5 m høgdeforskjell, 16 % maksimal helling Nagano, Japan. 1762 m, 112,5 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling (berre japansk) Lillehammer, Noreg. 1365 m, 114 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling St. Moritz, Sveits. 1722 m, 129 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling Lake Placid, USA. 1455 m, 107 m høgdeforskjell Lake City, USA. 1340 m, 103,9 m høgdeforskjell
Opphavleg var kjelkane bemanna med fem til seks personar, men dette blei endra til toar- og firarbob i 1930-åra. Den maksimale lengda på kjelkane er høvesvis 3,8 og 2,7 meter for firar- og toarbob. Maksimalvekta, inkludert mannskapet, er 630 kg og 390 kg — ein kan bruke metallvekter for å kompensere for manglande vekt. Før vektgrensa blei innført i 1952, var deltakarane på bobsleighlaga vanlegvis svært tunge.
Bobsleigh har vore ei olympisk grein sidan første vinter-OL i 1924. Kvinnene fekk delta i bogsleigh for første gongen i Vinter OL i Salt Lake City i 2002.
Bakgrunnsstoff Norges ake-, bob- og skeletonforbund
Kategori:Bobsleigh Kategori:Transportmiddel på snø