Norske sosialministrar er ei oversikt over statsråder i det tidlegare Sosialdepartementet, som var namnet på eit departement i åra 1913–1993 og 2002–2004.
Opptakta til departementet var Departementet for sociale saker, handel, industri og fiskeri som vart oppretta 3. juni 1913 med Johan Castberg som initiativtakar og den første statsråden i departementet, i Gunnar Knudsen si andre regjering.
Sosialdepartementet vart skilt ut frå dette dåverande Departementet for sociale saker, handel, industri og fiskeri ved Kongeleg resolusjon 8. september 1916. Frå 1993 til 2001 heitte departementet Sosial- og helsedepartementet, så Sosialdepartementet 2002-2004, og deretter blei dette Arbeids- og sosialdepartementet i 2004-2006. Dette siste blei då nedlagt, og erstatta av Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Statsrådar
Statsråd Parti Frå Til Lars Abrahamsen Venstre 1916 1919 Paal Berg Venstre 1919 1920 Odd Sverressøn Klingenberg Høgre 1920 1921 Lars Oftedal Venstre 1921 1922 Rasmus Olai Mortensen Venstre 1922 1923 Odd Sverressøn Klingenberg Høgre 1923 1925 Lars Oftedal Venstre 1925 1926 Peter Andreas Morell Høgre 1926 1928 Alfred Madsen Arbeidarpartiet 1928 1928 Torjus Værland Venstre 1928 1931 Jakob N. Vik Bondepartiet 1931 1933 Ole N. Strømme Venstre 1933 1933 Trygve Utheim Venstre 1933 1935 Kornelius Bergsvik Arbeidarpartiet 1935 1936 Oscar Torp Arbeidarpartiet 1936 1939 Sverre Støstad Arbeidarpartiet 1939 1945 NS-«statsrådar» under andre verdskrigen: Birger Øivind Meidell Nasjonal Samling 1940 1941 Johan Andreas Lippestad Nasjonal Samling 1941 1944 Christian Astrup (fungerande) Nasjonal Samling 1944 1945 Etter frigjeringa i 1945: Sven Oftedal Arbeidarpartiet 1945 1948 Aaslaug Aasland Arbeidarpartiet 1948 1953 Rakel Seweriin Arbeidarpartiet 1953 1955 Gudmund Harlem Arbeidarpartiet 1955 1961 Olav Bruvik Arbeidarpartiet 1961 1962 Aase Bjerkholt (konstituert) Arbeidarpartiet 1963 1963 Olav Gjærevoll Arbeidarpartiet 1963 1963 Kjell Bondevik Kristeleg Folkeparti 1963 1963 Olav Gjærevoll Arbeidarpartiet 1963 1965 Egil Aarvik Kristeleg Folkeparti 1965 1971 Odd Højdahl Arbeidarpartiet 1971 1972 Bergfrid Fjose Kristeleg Folkeparti 1972 1973 Sonja Ludvigsen Arbeidarpartiet 1973 1974 Tor Halvorsen Arbeidarpartiet 1974 1976 Ruth Ryste Arbeidarpartiet 1976 1979 Arne Nilsen Arbeidarpartiet 1979 1981 Leif Arne Heløe Høgre 1981 1986 Tove Strand Gerhardsen Arbeidarpartiet 1986 1989 Wenche Frogn Sellæg Høgre 1989 1990 Tove Veierød Arbeidarpartiet 1990 1992 Grete Knudsen Arbeidarpartiet 1992 1994 Hill-Marta Solberg Arbeidarpartiet 1994 1997 Magnhild Meltveit Kleppa Senterpartiet 1997 2000 Guri Ingebrigtsen Arbeidarpartiet 2000 2001 Ingjerd Schou Høgre 2001 2004 Dagfinn Høybråten Kristeleg Folkeparti 2004 2005* *Frå 1. oktober 2004 arbeids- og sosialminister
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Norske sosialministrar» frå , den 8. mars 2010. nytta desse kjeldene:
Norge - Statsråder – med tiltredelsesdato. Store Norske Leksikon. Besøkt 22. november 2009. Arbeids- og inkluderingsdepartementet : Statsråd 1846 -. Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Besøkt 22. november 2009.
Sosialministrar