Ri Myong-Guk () er ein nordkoreansk fotballspelar som spelar som keeper for Pyongyang City i den nordkoreanske fotballigaen, og for det nordkoreanske landslaget.
I 2007 var Ri førstekeeper for det nordkoreanske ungdomslandslaget i kvalifiseringa til sommar-OL 2008, men laget klarde til slutt ikkje å kvalifisera seg. Sidan 2007 har han òg spelt for A-landslaget til Nord-Korea. Under Aust-Asiameisterskapen i fotball i 2008 vart han kåra til beste keeper i turneringa.
Ri spelte 15 kampar for Nord-Korea under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, og slepte berre inn fem mål til saman i desse kampane.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 12. mars 2010.
Kategori:Nordkoreanske fotballspelarar