Atsuto Uchida () er ein japansk fotballspelar som har spela for Schalke 04 i tysk Bundesliga, og for det japanske landslaget.

Den første profesjonelle klubben til Uchida var Kashima Antlers. Han debuterte for klubben 17 år gammal., 5. mars 2006. Han vart stemt med på J-ligaen sitt All-Star-lag i 2006. Han har vore med på å vinna J-ligaen med Kashima Antlers tre år på rad, i 2007, 2008 og 2009. Sommaren 2010 gjekk han til Schalke i Tyskland.

Han vart teke ut til ein A-landslagstropp for første gong i 2006, men utan å få spela. Han debuterte for A-landslaget 26. januar 2008 i ein vennskapskamp mot Chile, den første landskampen til den nye landslagstrenaren Takeshi Okada. 22. juni 2008 skåra han det første landslagsmålet sitt då Japan slo Bahrain 1-0. Han vart dermed den yngste japanaren som har skåra i ein VM-kvalifiseringskamp, 20 år og 87 dagar gammal. I 2008 var han med og spelte for Japan i sommar-OL.

Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 11. mai 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Japanske fotballspelarar Kategori:Schalke-spelarar