Actors Studio er ein amerikansk skodespelarorganisasjon og teaterskule med hovudkvarter i New York.

Skulen vart grunnlagd i 1947 av Elia Kazan, Cheryl Crawford, Robert Lewis ogAnna Sokolow, som lærte opp medlemmar.Anna Sokolow The Rebelious Spirit av Larry Warren s. 89–94: The Actors Studio. ISBN 90-5702-185-4 Lee Strasberg kom seinare med og dreiv skulen frå 1951 til han døydde i 1982. I dag er skulen driven av Al Pacino, Ellen Burstyn og Harvey Keitel.

Actors Studio er mest kjend for The Method eller method acting som er ei form for dramaundervisning basert på prinsippa til Konstantin Stanislavskij.

Nokre kjende elevar er Marlon Brando, Paul Newman, James Dean, Marilyn Monroe, Jane Fonda og Steve McQueen.

Organisasjonen omfattar også Actors Studio West, eit avsnitt i West Hollywood i California skipa i 1967.

Kjelder

caplex.no Denne artikkelen bygger på «Actors Studio» frå , den 3. februar 2017.

Kategori:Skipingar i 1947 Kategori:New York City Kategori:USA-amerikanske kulturinstitusjonar Kategori:Teater i New York City Kategori:Teater i Los Angeles