Hedda-prisen er ein norsk teaterpris delt ut i samarbeid mellom Norsk teater- og orkesterforening, Norsk Teaterledelsesforum, Aksel Waldemar Johannesens minnefond og Nationaltheatret. Han blei delt ut første gong i 1998.

Sjølve prisen er ein statuett laga av Nina Sundbye som viser Hedda Gabler med eit pistolhandtak som fot. Årets debutant får eit stipend som pris.

Prisar Faste kategoriar frå 2024 er: Beste skodespelar/hovudrolle Beste skodespelar/medspelar Beste regi Beste sceneprestasjon – musikkteater Beste sceneprestasjon – dans Beste teaterframsyning Beste musikkteaterframsyning Beste danseframsyning Beste framsyning for barn Beste framsyning for ungdom Beste scenografi/kostymedesign Beste audiovisuell design Beste scenetekst

Nokre år blir det også delt ut ein ærespris. Denne har gått til Wenche Foss (2002), Jon Fosse (2003) og Toralf Maurstad og Espen Skjønberg (2005).

Prisvinnarar 2020-åra