Kakelarar er ein biologisk familie av åtte fugleartar, Phoeniculidae, nært i slekt med sporvefuglar. Dei lever sør for Sahara og er ikkje trekkfuglar. Medan familien no har distribusjon avgrensa til Afrika sør for Sahara, syner fossile funn at familien ein gong hadde ei vidare utbreiing. Fossil av denne familien har vore funne i miocene bergartar i Tyskland.

Skildring mini|venstre|Grønkakelar, Phoeniculus purpureus Morfologisk er kakelarar ei distinkt gruppe, og blir ikkje lett forveksla med nokre andre grupper. Desse artane er mellomstore, 23-46 cm i lengd, inkludert ein lang hale. Dei har iriserande fjørdrakt, ofte blå, grøn eller lilla, og manglar kam på hovudet slik som hærfuglar har. Kjønna er like hos alle artar bortsedd frå hos ein art, brunhovudkakelar. Nebbet deira er anten raudt eller svart, men unge fuglar med raudt nebb får òg svart nebb slik at farga har samsvar med alderen. Beina er skarlak eller svarte, og korte med tjukk tarse. Dei klatrar på trestammane som hakkespettar, og når dei beitar på bakken hoppar dei i staden for å gå som hærfuglar gjer. Halen er lang og sterkt avrunda med dei sentrale fjørene som dei lengste, halefjørene har tydeleg kvite merke, som er vengene har.

Leveområde og åtferd Dette er fuglar med leveområde i open skog, på savannar eller i kratt av tornbuskar. Dei krev store tre både for fôring og dessutan å gjere hòlrom for hekking og nattleg kvile. To artar finst utelukkande i regnskog, brunhovudkakelar og kvithovudkakelar, alle dei andre artane finst i meir opne skoglandskap.

Dei lever av leddyr, særleg insekt, som dei finn ved å søkje med nebbet i rotne tre og i sprekkar i borken. Dei hekkar i ufôra trehol, legg 2-4 egg, som er blå, grå eller oliven. Hos dei fleste artar er egga einsfarga.

Taksonomi og artsliste Kakelarar er knytt til hærfuglar, saman med hærfuglar dannar dei ein klade, ifølgje Hackett eit al. (2008). Høyrebeinet stigbøyel har felles og unike eigenskapar hos begge familiane, dette stør teoriar om nært samband mellom to desse gruppene. Kakelarar liknar meir på hærfuglar enn andre familiar med dei lange nedkrumma nebba sine og korte runde venger. Genetiske studium tyder på at dei to slektene Phoeniculus og Rhinopomastus synast å ha skilt lag for ca. 10 millionar år sidan, derfor vil somme autoritetar handsame gruppene som separate underfamiliar eller jamvel som to distinkte familiar. Dei åtte artane av kakelarar er i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Slekt Phoeniculus Grønkakelar, Phoeniculus purpureus, Green Woodhoopoe, LC, Miller, 1784 Fiolettkakelar, Phoeniculus damarensis, Violet Woodhoopoe, LC, Ogilvie-Grant, 1901 Svartnebbkakelar, Phoeniculus somaliensis, Black-billed Woodhoopoe, LC, Ogilvie-Grant, 1901 Kvithovudkakelar, Phoeniculus bollei, White-headed Woodhoopoe, LC, Hartlaub, 1858 Brunhovudkakelar, Phoeniculus castaneiceps, Forest Woodhoopoe, LC, Sharpe, 1871

Slekt Rhinopomastus Svartsabelnebb, Rhinopomastus aterrimus, Black Scimitar-bill, LC, Stephens, 1826 Sørsabelnebb, Rhinopomastus cyanomelas, Common Scimitar-bill, LC, Vieillot, 1819 Nordsabelnebb, Rhinopomastus minor, Abyssinian Scimitar-bill, LC, Rüppell, 1845

Bakgrunnsstoff Kakelarar i videoar, bilete og lydopptak hos Internet Bird Collection.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Woodhoopoe» frå , den 20. juni 2010

Referansar

Kategori:Horn- og hærfuglar

Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen