Sigvald Oppebøen Hansen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Telemark i 1993. Ved stortingsvalet 2009 vart han vald på nytt for fjerde gong.
Oppebøen Hansen har gjennomgått handelsskole og Postskolen, og arbeidde i Posten frå 1969 til 1993. Han var i åra 1979–83 medlem av utval og kommunestyre i Nissedal, og leiar av helse- og sosialutvalet i kommunen. Vidare sat han i Telemark fylkesting frå 1983 til 1993, då han vart vald inn på Stortinget fyrste gong.
Stortingets presidentskap 1997–2001 - varasekretær i Odelstinget. 2001–2005 - sekretær i Odelstinget. 2005–2009 - første varapresident i Odelstinget.
Stortingskomitear 1993–1997 - medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen. 1993–1997 - varamedlem i Valkomiteen.* 2005–2009 - medlem i Næringskomiteen.* 1997–2001 varamedlem i Den utvida utanrikskomiteen. 1997–2001 - medlem i Valkomiteen. 2001–2005 - medlem i Kommunalkomiteen. 2001–2005 - medlem i Valkomiteen. 2001–2005 - medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. 2009–2013 - medlem i Justiskomiteen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sigvald Oppebøen Hansen» frå , den 10. september 2010.
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Lokalpolitikarar i Nissedal Kategori:Ap-politikarar i Telemark Kategori:Folk frå Nissedal