Harald Tom Nesvik () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han har sete på Stortinget for Møre og Romsdal sidan 1997. Den 13. august 2018 vart han utnemnd til fiskeriminister i regjeringa Solberg.

Bakgrunn Frå Ålesund VGS har han grunnkurs frå kontorlinja 1982–1983, VKI frå rekneskapslinja 1983–1984, og VKII frå EDB-linja 1984–1985. Nesvik har teke eksportmarknadsføring for fiskeri ved Møre og Romsdals fiskeritekniske høgskole 1991–1993.

Nesvik har arbeidd som instruktør ved Parken helsestudio 1988–1990, dørvakt i Activ vaktselskap 1988–1995, og som seljar ved Moa Elektromarked frå 1995 (permisjon frå 1997).

Politikk Nesvik vart utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal med tiltreding i 2019, men valde å seia frå seg embetet. Han gjekk heller til ei stilling som sjef for informasjon og samfunnskontakt i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i Ålesund. Denne stillinga sa han opp då han fekk spørsmål om å verta fiskeriminister.

Stortingskomitear 1997–2001: Medlem i Sosialkomiteen 1997–2001: Varamedlem i Valkomiteen 2001–2005: Medlem i Sosialkomiteen 2001–2005: Medlem i Valkomiteen 2005–2009: Leiar i Helse- og omsorgskomiteen 2005–2009: Varamedlem i Valkomiteen 2009–2013: Medlem i Næringskomiteen 2009–2013: Varamedlem i Valkomiteen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Harald T. Nesvik» frå , den 10. september 2010.

Referansar

Bakgrunnsstoff Biografi ved Stortinget.no

Kategori:Norske fiskeriministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Frp-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Folk frå Ålesund