Anette Trettebergstuen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore vald inn på Stortinget frå Hedmark sidan 2005, og vart på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 2009 vald inn i sentralstyret til partiet. I 2019 vart ho valt til leiar i Arbeiderpartiets kvinnenettverk. Ho var kultur- og likestillingsminister frå 2021 til 2023.
Liv og virke Bakgrunn Trettebergstuen voks opp på Ridabu i Hamar, og har bakgrunn frå AUF i Hedmark, der ho var leiar 2002–2004. Ho har studert statsvitskap, psykologi og public management ved Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Hedmark og Universitetet i Oslo.
På fritida jobba Trettebergstuen som disc jockey på forskjellige utestader i Oslo.
Politisk karriere Ho sat i kommunestyret og formannskapet i Hamar frå 1999 til ho vart vald inn på Stortinget i 2005. Trettebergstuen vann 3. plassen på stortingsvalslista til Hedmark Arbeidarparti etter kampvotering mot sitjande stortingsrepresentant Eirin Faldet. Trettebergstuen, som var AUF sin kandidat, vann voteringa med 71 mot 70 stemmer. Trettebergstuen vart vald på nytt til Stortinget i 2009. Frå 2005 til 2009 sat ho i Utanrikskomiteen og vart etter valet i 2009 Arbeids og Sosialpolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet og nestleiar i Arbeids og Sosialkomiteen. Trettebergstuen sit i gruppestyre til Arbeidarpartiet i Stortingsgruppa.
Trettebergstuen har vore fylkesleiar, sentralstyremedlem og politisk nestleiar i Europeisk Ungdom, og arbeidde som politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet med saksfelt justis, samferdsle, energi og miljø.
Trettebergstuen er nestleiar i Hedmark Arbeidarparti. Frå 2004 til 2006 var ho også sentralstyremedlem i Arbeidaranes Ungdomsfylking. I perioden 2005–2006 sat ho i styret i Homofile og lesbiske sosialdemokratar. Sidan 2007 har Trettebergstuen vore sentralstyremedlem i Europarørsla. Trettebergstuen sit også som den yngste i sentralstyret til Arbeidarpartiet, der ho vart vald inn i 2009.
Statsråd Trettebergstuen var kultur- og likestillingsminister i Regjeringa Støre frå 2021 til 2023. Den 23. juni 2023 kunngjorde ho sin avgang som statsråd etter fleire alvorlege brot på habilitetsreglane. Trettebergstuen vart etterfølgt av Lubna Jaffery den 28. juni 2023.
Prisar og utmerkingar Nettstaden Gaysir kåra i 2009 og i 2010 Trettebergstuen til «Noregs mektigaste lesbiske kvinne». I 2008 kom ho på andreplass i same kåring, bak sjefredaktøren i Dagbladet, Anne Aasheim.
Stortingskomitear 2005–2009: Medlem av Den utvida utanrikskomiteen 2005–2009: Medlem av Utanrikskomiteen 2009–2013: Medlem av Arbeids- og sosialkomiteen 2013–2017: Varamedlem av Valkomiteen 2015–2015: Medlem av Arbeids- og sosialkomiteen 2015–2015: Medlem av Familie- og kulturkomiteen 2015–2017: Andre nestleiar av Familie- og kulturkomiteen 2017–2017: Medlem av Familie- og kulturkomiteen 2017–2021: Første nestleiar av Familie- og kulturkomiteen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Arbeidarpartiet – Biografi
Kategori:Norske kulturministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Lokalpolitikarar i Hamar Kategori:Folk frå Hamar Kategori:Vinnarar av Sørlandets litteraturpris