Janne Sjelmo Nordås () er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho vart i 2009 vald inn på Stortinget og er der medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.
Biografi Nordås har yrkesbakgrunn som servitør, gardbrukar, etablerar, butikkavdelingsleiar før ho vart politikar på heiltid. Ho har studert informasjonsleiing og kommunal økonomi og leiing.
Ho har vore medlem av fylkestinget i Nordland sidan 1999, og er leiar i Nordland Senterparti. Nordås var vararepresentant til Stortinget i perioden 2005–2009, og er medlem av Landsdelsutvalet for Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Ho var medlem i Hattfjelldal kommunestyre i perioden 1995-2003.
Nordås vart i oktober 2007 medlem av fylkesrådet i Nordland, med ansvar for næringssaker, men vart etter berre tre veker i vervet utnemnd som statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet. Denne stilling var ho i fram til 1. oktober 2009 etter at ho 14. september 2009 vart vald inn på Stortinget på 7. mandat frå Nordland.
Bakgrunnsstoff Kommunal- og regionaldepartementet: Janne Sjelmo Nordås er ny statssekretær (2. november 2007) Stortinget.no: Biografi
Kategori:Statssekretærar frå Sp Kategori:Folk frå Hattfjelldal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017