Nemanja Vidić () er ein serbisk fotballspelar som har spela for Manchester United i engelsk Premier League, og for det serbiske landslaget.

Vidić vart seriemeister i Serbia og Montenegro i 2004 med Raude Stjerne og i England med Manchester United i 2007, 2008, 2009 og 2011. Han var òg med på å vinna Den europeiske meisterligaen i 2008. Han vart kåra til årets serbiske fotballspelar i 2005 og 2008.

Vidić debuterte for A-landslaget til Serbia og Montenegro 12. oktober 2002, i ein EM-kvalifiseringskamp mot Italia. Han var med i Serbia og Montenegro sin tropp til fotball-VM i 2006, men vart skada rett før turneringa og fekk ikkje spelt nokon av kampane. 15. november 2006 skåra han mål for Serbia mot Noreg i ein privatlandskamp i Beograd. I fotball-VM i 2010 spelte han alle Serbia sine tre kampar.

Kategori:Serbiske fotballspelarar Kategori:Spartak Moskva-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar