Christian Tybring-Gjedde () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2005, vald på nytt ved stortingsvalet 2009 og er medlem av finanskomiteen.

Tybring-Gjedde har ein bachelorgrad i Political Science frå Loyola University i Chicago i USA, i tillegg til ein mastergrad i International Studies frå University of Denver i Denver i Colorado. Før han vart vald inn på Stortinget jobba han som underdirektør i Forsvarsdepartementet, i avdelinga for økonomi og styring.

I 2003 vart Tybring-Gjedde vald inn i Oslo Bystyre, der han sat i Finanskomiteen. I perioden 2001 til 2004 var han politisk nestformann i Oslo FrP.

Tybring-Gjedde er gift med Ingvil Smines Tybring-Gjedde,Jens Marius Sæther. 2018-05-26. Dagsavisen. S. 21. «Groruddalen [...] der jeg traff min kone» har tre born og bur på Smestad i Oslo.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Framstegspartiet - Biografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Politikarar frå Oslo