Sleeps With Angels er det 23. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Crazy Horse og gjeve ut 16. august 1994 på Reprise. Det var produsert i lag med David Briggs.

Bakgrunn og innspeling Albumet var eit forsøk på å fange dei atmosfæriske eksperimenta Young og Crazy Horse gjorde i After the Gold Rush-tida. Sjølv om det meste av albumet vart spelt inn før Kurt Cobain tok livet av seg, laga Young tittelsporet etter dette skjedde. Cobain siterte Young i avskjedsbrevet sitt. Som følgje av dette vart Sleeps With Angels meir liknande Tonight's the Night, og albumet er i røynda ei (meir dempa) utgåve av dette albumet frå 1990-åra. Stemninga på albumet er mørk og grublande, bortsett frå den punkaktige «Piece of Crap». To songar («Western Hero» og «Train Of Love») har same musikk med forskjellig tekst.

Sleeps with Angels er det einaste Neil Young-albumet der han spelar fløyte.

Albumet nådde 9. plass på den amerikanske albumlista og 4. plass i Noreg.

Innhald

Medverkande Neil Young & Crazy Horse Neil Young - gitar, spikerpiano, trekkspel, fløyte, munnspel, vokal Frank «Poncho» Sampedro - gitar, flygel, elektrisk piano, klaverinstrument, bass-marimba, vokal Billy Talbot - bass, vibrafon, bass-marimba, vokal Ralph Molina - trommer, vokal

Teknisk David Briggs - producer, miksing Neil Young - producer, miksing John Hanlon - lydteknikar, miksing Chad Blinman - assisterande lydteknikar Roland Alvarez - assisterande lydteknikar Joe Gastwirt - digital redigering, mastering Tim Mulligan - yttelegare digital redigering Tim Foster - produksjonsleiar Bettina Briggs - produksjonskoordinator Sal Trentino - forsterkarteknikar Jim Homan - gitarteknikar Jerry Conforti - trommeteknikar Mark Humphreys - live-monitoriar

Salslister Album Album - Billboard ÅrListePlassering1994The Billboard 20091994Noreg - VG-lista4

Singlar Singlar - Billboard ÅrSingelListePlassering1994«Change Your Mind»Mainstream Rock Tracks18

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sleeps with Angels» frå , den 30. oktober 2010.

Kategori:Neil Young-album Kategori:Musikkalbum frå 1994 Kategori:Album produserte av David Briggs Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Crazy Horse-album Kategori:Kurt Cobain