The Archives Vol. 1 1963–1972 er ein samleboks av Neil Young som kom ut 2. juni 2009. Det var den første i Neil Young Archives-serien, som etter kvart skal omfatte heile karrieren. Boksen vann Grammy-pris for beste plateboks,http://www.grammy.com/nominees?category=175 og inneheld mange sjeldne songar og opptak som aldri før er gjevne ut frå karrieren til Young starta i Winnipeg med The Squires, Buffalo Springfield, Crosby, Stills, Nash & Young og fleire av dei første soloalbumene hans.
Etter mykje fram og tilbake vart det til slutt klart at boksen skulle gjevast ut i tre format: CD, DVD og Blu-ray. DVD og Blu-ray-utgåvene inneheld 10 plater (inkludert Journey Through the Past for første gong på DVD og Blu-ray) og ei 236 sider lang fargebok. CD-utgåva bestod av 8 CDar og eit CD-hefte.Warner Bros., Order Neil Young's Archives Vol. 1 Alle DVD- og Blu-ray-utgåvene kom med eit kodekort for å laste ned MP3ar av alle songane i boksen.
Av dei 137 songane i boksen, er 47 av dei aldri gjevne ut før. Desse omfattar konsertversjonar eller alternative miksar av tidlegare kjende songar. Trette av songane har aldri vorte gjeven ut i noko form før.
Innhald Disk 00 - Early Years (1963-1965)
Disk 01 - Early Years (1966-1968)
Disk 02 - Topanga 1 (1968-1969)
Disc 03 - Live at the Riverboat (Toronto 1969)
Disk 04 - Topanga 2 (1969-1970)
Disk 05 - Live At the Fillmore East (New York 1970
Disk 06 - Topanga 3 (1970)
Disk 07 - Live at Massey Hall (Toronto 1971)
Disk 08 - North Country (1971-1972)
Disk 09 - Journey Through the Past – ein film av Neil Young Inneheld trailer, radioreklamar og arkivgalleri.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Archives Vol. 1 1963–1972» frå , den 31. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Reprise Records sin trailer
Kategori:Plateboksar Kategori:Neil Young-album Kategori:Musikkalbum frå 2009