mini|Eittøring avbilda nede til venstre på eit numismatisk postkort frå Noreg.

Eittøring eller eittøre er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1876 til 1972.

Mynten har på adversen hatt monogrammet til myntherren, det vil seie den regjerande monarken, i perioden 1952-57 også med årstal for preginga. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgitt av olavsmerket og med teksten «NORGE».

På reversen hadde mynten først ei 1-tal med bladkrans, sidan ulike variantar av teksten 1 øre før mynten frå 1958 hadde biletet av eit ekorn og teksten 1 øre-Norge.

+ Norske eittøringar Myntherre Metall Vekt Utmynta år Kunstnar/gravør Oskar II bronse 2,00 g 1876-1902 Håkon VII jern 1,74 g 1918-1921 Okkupasjonsmynt jern 1,74 g 1941-1945 Håkon VII bronse 2,00 g 1906-07, 1908-13, 1921-41, 1946-52, 1953-57 Olav V bronse 2,00 g 1958-1972 Øivind Hansen/Per Palle Storm

Kjelder Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3

Bakgrunnsstoff Eittøre 1958-1972 med ekorn

Kategori:Historisk mynt Kategori:Norske myntar Kategori:Skipingar i 1876 Kategori:Nedleggingar i 1972