Svineblom er ei planteslekt i korgplantefamilien. Ho er ei stor slekt som omfattar ca. 1250 artar, og er ei av dei største slektene i gruppa blomstrande plantar. Plantar frå slekta finst over nesten heile verda.
Slekta utviklar seg i midten eller slutten av miocen.
Norske artar i svineblomslekta
I Noreg veks elleve artar frå svineblomslekta . Desse har gule blomstrar med ei rekkje lange indre korgdekkblad og ei rekkje korte ytre dekkblad.
Finnmarkssvineblom (Senecio integrifolius) Myrsvineblom (Senecio congestus) Åkersvineblom (Senecio vulgaris) Bergsvineblom (Senecio sylvaticus) Klistersvineblom (Senecio viscosus) Steinsvineblom (Senecio squalidus) Vårsvineblom (Senecio vernalis) Smalsvineblom (Senecio erucifolius) Landøyda (Senecio jacobaea) Dikesvineblom (Senecio aquaticus) Grisnesvineblom (Senecio nemorensis)
Kjelder
Dansk Wikipedia. Svensk Wikipedia. Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985. Denne artikkelen bygger på «Senecio» frå , den 22. august 2018.
Kategori:Planteslekter Kategori:Korgplantefamilien