mini|Tokronemyntar avbilda oppe til venstre og nede til høgre på eit numismatisk postkort frå Noreg.
Tokrone eller tokroning er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1878 til 1917.
Ordinær tokronemynt hadde på adversen eit portrett av den regjerande monarken, mens reversen i unionstida hadde eit riksvåpen omgitt av ein bladkrans, og etter unionsoppløysinga hadde eit riksvåpen omkransa av våpenskjolda for kvart norske amt.
I 1906, 1907 og 1914 kom det spesielle minnetokroner. Tokronene frå 1906 og 1907 har på reversen teksten «NORGES UAFHÆNGIGHED GJENNEMFØRT», den eine 1907-mynten var også pryda med krosslagde gevær og kavalerisabel. På adversen hadde desse myntane det norske riksvåpenet. I 1914 kom det ein minnemynt for å markere 100-årsjubileet for Grunnlova, pryda med «Mor Noreg».
+ Norske tokroner Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Oskar II sølv 15,00 g 12,00 1878-1904 Håkon VII sølv 15,00 g 12,00 1906, 1907, 1914 (minnemynt) Håkon VII sølv 15,00 g 12,00 1908-1917
Kjelder Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3
Kategori:Historisk mynt Kategori:Norske myntar Kategori:Skipingar i 1878 Kategori:Nedleggingar i 1917