Det er ein til gard som heiter Myklebust i Hyllestad kommune, sjå Myklebust i Hyllestadfjorden.
Myklebust, tidlegare skrive Myklebost, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Vestland fylke. Garden har matrikkelnummer 8.
Geografi Myklebust ligg austsida inst i Skifjorden. Garden grensar til Seljevoll i vest, til Fjaler kommune i aust og nord og til Bjørnestad i sør. Fylkesveg 5655 går over garden.
Historie Myklebust er fyrste gong nemnt i kjeldene i reknskapen til Munkeliv kloster frå 1175. Klosteret eigde Myklebust til 1536 (reformasjonen) då garden kom i kongen si eige. Frå 1660-åra vart garden eigd av ymse embetsmennsslekter, fram til brukarane kjøpte seg ut frå 1793 til 1844.
På Myklebust har det vore drive tjørebrenning og sagbruk i gammal tid. Frå 1920 til kring 1960 var det drive kassefabrikk på garden, og på 1930-talet opna Skifjord Trevarefabrikk.
Namnet Namnet tyder den store garden, og Myklebust er også den største garden i Skifjorden. I kjeldene er namnet skrive «Miklibolstadher» (DN. XII 232 c. 1490), «Møglebostad» (NRJ. II 140), «Møgelbosta» (1563). «Mychelbustad» (1603). «Møchelbustad» (1608) og «Møchlebust» (1667 og 1723).
Myklebust er brukt som stadnamn mange andre stader i landet òg.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Myklebust» i 2003 og avslo samtidig å godkjenne «Myklebost».
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder
Vidare lesnad
Bakgrunnsstoff «Myklebust» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Myklebust» i matrikkelutkastet av 1950 «Myklebost» i gardsmatrikkelen for 1886
Kategori:Gardar i Hyllestad