Rosenfinkar er ca. 22 små, frøetande fugleartar som utgjer slekta Carpodacus i finkefamilien. Dei fleste Carpodacus-artane har 'rosefink' som fellesnamn på norsk, men det finst seks unntak. Som namna antyder, er ulike nyansar av raudt karakteristisk farge for fjørdrakta i denne gruppa. Rosenfinkar finst på heile den nordlege halvkula, men det største mangfaldet er i Asia. Arten rosenfink er hekkefugl i Noreg.

Dette er middels til store finkar, som vanlegvis har ein ganske sterk kjønnsdimorfisme. Hannane viser slåande fjørdrakt i karmin til vinraud farge eller mørk til ljos rosa tone. Hoer og ungfuglar har lite iaugefallande grå til brun fjørdrakt, med ljosare underside og slåande mørke striper. Det utvakse nebbet er kjegleforma inst og høgare enn breitt. Det er utforma for sprenging av harde frø. Dei runde naseborene er dekt med fjører. Den heller lange halen er v-forma eller rett avkutta. Songen er melodisk og består av fløytetonar.

Artslista Rosenfinkar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Raudfink, Carpodacus rubescens Asia Mørkrosenfink, Carpodacus nipalensis Asia Rosenfink, Carpodacus erythrinus Europa, Asia Purpurfink, Carpodacus purpureus Nord-Amerika Raudkronerosenfink, Carpodacus cassinii Nord-Amerika Husrosenfink, Carpodacus mexicanus Nord-Amerika Ametystfink, Carpodacus pulcherrimus Asia Eosrosenfink, Carpodacus eos Asia Himalayarosenfink, Carpodacus rodochroa Asia Vinrosenfink, Carpodacus vinaceus Asia Brunrosenfink, Carpodacus edwardsii Asia Ørkenrosenfink, Carpodacus synoicus Midt-Austen, Asia Karminfink, Carpodacus roseus Asia Blodrosenfink, Carpodacus trifasciatus Asia Flekkvengrosenfink, Carpodacus rhodopeplus Asia Krattrosenfink, Carpodacus thura Asia Gulnebbrosenfink, Carpodacus roborowskii Asia Sinoberfink, Carpodacus rhodochlamys Asia Skrentrosenfink, Carpodacus rubicilloides Asia Fjellrosenfink, Carpodacus rubicilla Asia Rubinfink, Carpodacus puniceus Asia

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karmingimpel (Gattung)» frå , den 2. desember 2010

Referansar

Kategori:Finkefamilien

Kategori:Fugleslekter