Herbert Jansch (), betre kjend som Bert Jansch, var ein skotsk folkemusikar som var med på å starte bandet Pentangle. Han vart fødd i Glasgow og i 1960-åra var gitaristen Davey Graham og visesongarar som Anne Briggs ei stor inspirasjonskjelde for han. Han var mest kjend som ein innovativ og dyktig akustisk gitarist, men òg som songar og låtskrivar.
Jansch spelte inn mist 25 album og turnert mykje sidan starten av 1960-åra. Han heldt på med konsertar så lenge han levde. Han har påverka artistar som Paul Simon, Johnny Marr, Bernard Butler, Jimmy Page, Nick Drake, Graham Coxon, Donovan og Neil Young. Han vann to æresprisar på BBC Folk Awards: ein i 2001 for solokarrieren og ein i 2007 som medlem av Pentangle.
Tidlege år Bert Jansch vart fødd på Stobhill Hospital i Glasgow i 1943, i ein familie som opphavleg kom frå Hamburg. Jansch voks opp i Edinburgh, der han gjekk på Pennywell Primary School og Ainslie Park Secondary School. Som tenåring fekk han tak i ein gitar og starta å vitje den lokale viseklubben («The Howff») driven av Roy Guest.Harper. s.57 Der møtte han Archie Fisher og Jill Doyle (halvsyster til Davey Graham), som introduserte han for musikken til Big Bill Broonzy, Pete Seeger, Brownie McGhee og Woody Guthrie. Han møtte òg og delte leilegheit med Robin Williamson, som vart verande ven med Jansch då han seinare flytta til London.Harper, s.84
Etter han var ferdig på skulen tok Jansch jobb som handelsgartnar,Harper, s.13 så i august 1960 slutta han for å verte musikar på fulltid.Harper, s.61. Han utpeikte seg sjølv som uoffisiell vaktmeister på The Howff og i tillegg til å sove der kan han ha fått noko løn i tillegg til det vesle han tente som ein musikar som ikkje ein gong hadde sin eigen gitar.Harper. s.61 Han dreiv dei neste to åra å spele på britiske viseklubbar. Dette var ei musikalsk læretid der han møtte mange inspirasjonskjelder, som Martin Carthy og Ian Campbell, men særleg Anne Briggs, som han lærte nokre songar frå (som «Blackwaterside» og «Reynardine») som seinare skulle påverke platekarrieren hans.
Mellom 1963 og 1965 reiste han kring i Europa og bortanfor, haika frå stad til stad og levde på det han tente som gatemusikant og tilfeldige konsertar på barar og kafear.Kennedy s.10 Før han forlét Glasgow gifta han seg med den 16 år gamle Lynda Campbell: det var mest eit fornuftsekteskap, sidan ho då kunne reise med han sjølv om var for ung til å ha sitt eige pass.Harper. s.125 Dei gjekk frå kvarandre etter nokre månader og Jansch vart til slutt send heim til Storbritannia etter å ha fått dysenteri i Tanger.
London (midten av 1960-åra Jansch flytta til London der det på midten av 1960-åra var ei blømande interesse for folkemusikk.Harper. s.16–43 (kapittelet London:the first days) Der møtte han lydteknikar og produsent Bill Leader, som spelte inn musikken til Jansch på lydband heime hos seg sjølv. Leader selde lydbandet for £100 til Transatlantic Records, som produserte eit album direkte frå lydbandet.Plateomslaget på CD-utgåva Albumet Bert Jansch kom ut i 1965 og selde heile 150 000 eksemplar. Det inneheldt mellom anna protestsongen «Do You Hear Me Now», som seinare vart gjort kjend av songaren Donovan på Universal Soldier EP. Denne nådde førsteplassen i Storbritannia og singelen nådde 27. plass.John Crosby's sleeve notes from the Donovan CD Donovan: The Very Best Of The Early Years Her var òg songen «Needle of Death», som vert hevda å ha påverka stoffmisbruket til ein generasjon unge britar, trass i at han omtalar heroin særs negativt.Grunenberg & Harris. s.139-140: "Needle of Death...did far more to make skag a drug of choice among hip British teenagers than a decade's worth of later releases on the same subject by the likes of Lou Reed [and others]..." Tidleg i karrieren vart Jansch stundom skildra som ein britisk Bob Dylan.Harper s.111 (although Harper points out that this comparison was not in line with Jansch's desires)
Jansch følgde opp det første albumet med to til, laga kjapt etter kvarandre: It Don't Bother Me og Jack OrionHarper. s.357 It Don't Bother Me kom ut i desember 1965 og Jack Orion i september 1966—som inneheldt den første innspelinga hans av «Blackwaterside», seinare teken av Jimmy Page og spelt inn av Led Zeppelin som «Black Mountain Side».Harper s.3-4 Jansch seier: Akkompagnementet vart stolen av eit velkjent medlem av eit av dei mest kjende rockebanda, som nytta det, uendra, på ei av platene sine.Kennedy s.21 Transatlantic søkte juridisk hjelp om det påståtte brotet på opphavsretten og fekk beskjed om at «det var ein viss mogelegheit om at Bert kunne vinne mot Page.».Nat Joseph frå Transatlantic Records, siterte i Harper, s.5 Til slutt var Transatlantic tvilsame til kostnaden det ville vere å ta Led Zeppelin til retten, og halve kostnaden måtte betalast av Jansch sjølv, noko han ikkje hadde råd til, så saka vart aldri følgd vidare.Harper s.5
I London møtte Jansch andre innovative akustiske gitaristar, som John Renbourn (som han delte leilegheit med i Kilburn), Davey Graham og Paul Simon. Dei møtte alle kvarandre og spelte på forskjellige klubbar i London, som The Troubadour i Old Brompton Road,Harper. s.160 og Les Cousins i Greek Street i Soho.Harper. s.175 Renbourn og Jansch spelte ofte i lag og utvikla eit intrikat samspel mellom dei to gitarane, ofte kalla 'Folk baroque'.Grove's Dictionary of Music (online edition) I 1966 spelte dei inn albumet Bert and John i lag, med mange av desse songane.Harper. s.198 Seint i 1967 var dei trøytte av dei lange nettene på Les Cousins og slo seg ned i The Horseshoe pub (no lagt ned) i 264-267 Tottenham Court Road. Her kom mange musikarar, som songaren Sandy Denny.Harper. s.212 Ein annan songar, Jacqui McShee, byrja å synge med dei to gitaristane, og med Danny Thompson (kontrabass) og Terry Cox (trommer) i tillegg, danna dei gruppa Pentangle.Harper. s.212-213 Klubben utvikla seg til ein jazzklubb, men då hadde gruppa alt flytta vidare. Interview with Bert Jansch on his 60th birthday
Den 19. oktober 1968 gifta Jansch seg med Heather Sewell.Harper. s.222 På denne tida var ho kunststudent og hadde vore kjæraste med Roy Harper.Harper s.221-222 Ho inspirerte fleire av songane og instrumentalane til Jansch, mellom anna «Miss Heather Rosemary Sewell» frå albumet hans Birthday Blues frå 1968, men Jansch har sagt at trass namnet, så vart «M'Lady Nancy» (frå Rosemary Lane frå 1971) òg skriven for henne.Kennedy s.26 Som Heather Jansch vart ho ein velkjend bilethoggar.Heather Jansch's website . Henta 4. februar 2011.
Pentangle-åra (1968–1973) Den første store konserten til Pentangle var i Royal Festival Hall i 1967 og det første albumet deira kom ut året etter.Harper. s.211, 220 Pentangle la ut på omfattande verdsturnear og innspelingar i denne perioden, og Jansch gav stort sett opp solokarrieren.Harper. p214 Han spelte likevel inn nokre plater og gav ut Rosemary Lane i 1971. Spora for dette albumet vart spelt inn på ein bærbar bandopptakar av Bill Leader i hytta til Jansch i Ticehurst i Sussex — ein prosess som tok fleire månader sidan Jansch berre arbeidde når han var i dette humøret.
Pentangle nådde det kommersielle høgdepunktet sitt med Basket of Light i 1969. Singelen «Light Flight» frå albumet vart populær då han vart nytta som kjenningsmelodi til fjernsynsserien Take Three Girls, den første dramaserien til BBC i fargar.Guinness Book of British Hit Singles 7th Edition - 1988 I 1970, då dei var på sitt mest populære, spelte dei inn filmmusikk til filmen Tam Lin, gjorde minst 12 framsyningar på fjernsyn og la ut på mange turnear i Storbritannia (mellom anna Isle of Wight-festivalen) og Amerika (mellom anna i Carnegie Hall).Harper s.224 Det fjerde albumet deira, Cruel Sister, som kom ut i oktober 1970, selde dårleg.Harper s.228 Albumet inneheldt berre tradisjonelle songar som den nesten 20 minuttar lange versjonen av «Jack Orion», ein song som Jansch og Renbourn hadde spelt i lag tidlegare som ein duett på albumet til Jansch, Jack Orion.Harper. s.375
Pentangle spelte inn to album til, men alt stresset turnelivet førte med seg gjekk ut over samhaldet i gruppa.Harper s.229 Pentangle trekte seg frå plateselskapet sitt, Transatlantic, i ein bitter strid om pengeutbetalingar.Ref. Harper s.235 Det siste albumet med den originale besetninga av Pentangle var Solomon's Seal og kom ut på Warner Brothers/Reprise i 1972. Pentangle vart oppløyst i januar 1973 og Jansch og kona kjøpte ein gard nær Lampeter i Wales, og trekte seg mellombels tilbake frå konsertlivet.Kennedy. s.26
Seint i 1970-åra Etter to år som bonde forlét Jansch kona og familien og returnerte til musikken (sjølv om Jansch og kona hans ikkje vart formelt skilde før 1988).Harper s.252 I 1977 spelte han inn albumet A Rare Conundrum med fleire nye musikarar: Mike Piggott, Rod Clements og Pick Withers. Han danna så bandet Conundrum med Martin Jenkins (fiolin) og Nigel Smith (bass) i tillegg. Dei brukte seks månader på turne i Australia, Japan og USA.Kennedy s.32 Då turneen var over vart Conundrum oppløyst og Jansch var seks månader i USA, der han spelte inn albumet Heartbreak med Albert Lee.
Jansch turnerte Skandinavia og spelte i ein duett med Martin Jenkins og basert på idear dei utvikla spelte dei inn albumet Avocet (først gjeven ut i Danmark).Harper. s.263 Jansch ser på dette albumet som favoritten sin av sine eigne innspelingar.Harper. s.313 Då han kom attende til England starta han Bert Jansch's Guitar Shop i 220, New King's Road i Fulham. Butikken spesialiserte seg på handbygde akustiske gitarar, men gjekk ikkje godt og vart lagt ned etter to år.Harper s.296
1980-åra I 1980 oppfordra ein italiensk promotor det originale Pentangle om å samlast att og spele inn eit nytt album.Harper. s.270 Gjenforeininga starta dårleg då Terry Cox vart skadd i ei bilulukke, noko som gjorde at bandet debuterte på Cambridge Folk Festival som eit firemannsband. Dei klarte å fullføre ein turne i Italia (med Cox i rullestol) og Australia, før Renbourn forlét bandet i 1983.Harper. s.271 Fleire besetningsendringar følgde, og til slutt var Jansch og McShee dei einaste originale medlemmane.Harper. s. 269–282 Den siste besetninga bestod av Jansch, McShee, Nigel Portman Smith (klaverinstrument), Peter Kirtley (gitar og vokal) og Gerry Conway (trommer) og varte frå 1987 til 1995. Dei spelte inn tre album: Think of Tomorrow, One More Road og Live 1994.Harper s.295
Jansch hadde alltid hatt ein stor hang til alkohol, men i 1987 vart han sjuk då han arbeidde med Rod Clements og vart i all hast frakta til sjukehus, der han fekk beskjed om at han var «så sjuk som han kunne bli utan å døy», og at han hadde valet om «å slutte med alkohol eller gje opp».Harper. s.278 Han valde å slutte drikkinga. Colin Harper sa at «det er ikkje tvil om at kreativiteten, pålitelegskapen, energien, engasjementet og kvaliteten i spelinga hans alle vart redda dramatisk då han slutta å drikke.»Harper. s.279 Jansch og Clements heldt fram arbeidet dei hadde starta på før Jansch vart sjuk, og i 1988 kom albumet Leather Launderette.
1995-2011