Ole Christopher Randers () var ein norsk prest og stortingsmann frå Hølen i Akershus. Han var farfar til Kristofer Randers.

Randers vart cand. theol. i København i 1804. Åra 1802-06 var han lærar ved krigsskulen. Sidan var han residerande kapellan i Asker frå 1806 til han i 1808 var pers. kapellan ved slottskyrkjelyden i Christiania. I 1811 vart han sokneprest i Skjeberg, eit embete han styrte heilt fram til han døydde, 45 år seinare.

Randers var 2. representant frå Smaalenenes amt på Stortinget 1830, medlem av kyrkjekomiteen.

Død i Skjeberg i 1856.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Vestby