«Giving You Up» er ein dansepopsong framført av den australske songaren Kylie Minogue for samlealbumet Ultimate Kylie (2004). Han vart utgjeven som andresingelen frå albumet i mars 2005 til blanda kritikkar. Songen vart òg den siste singel til Minogue før kampen hennar mot brystkreft. Den neste utgjevinga hennar kom vel to år seinare, seint i 2007.

Utgjeving og listeplasseringar «Giving You Up» vart skriven og innspelt i løpet av sommaren 2004 i London av Minogue og Xenomania for samlealbumet Ultimate Kylie. Songen vart utgjeven 28. mars 2005 i ulike format over heile verda. I Australia vart singelen utgjeve som ei dobbel A-side med «Made of Glass» den 11. april 2005 og avgrensa til 25 000 eksemplar.

Singlen nådde nummer seks på UK Singles Chart den 4. april 2005, og blei på hitlista i åtte veker. Songen nådde nummer tjue i Irland og nummer 27 i Tyskland. «Giving You Up» vart òg i stor grad vellykka andre stader, og nådde førsteplass i Portugal og Topp 20 i Danmark, Finland, Hellas, Spania og Ukraina. I Australia debuterte songen på åttendeplassen og var på Topp 50 i sju veker.

Format og sporliste Europeisk CD 1 «Giving You Up» – 3:31 «Made of Glass» – 3:12

Europeisk CD 2 «Giving You Up» – 3:31 «Giving You Up» (Riton Re-Rub Dub) – 6:31 «Giving You Up» (Alter Ego Remix) – 6:32 «Giving You Up» (Video)

Tysk CD «Giving You Up» – 3:31 «Your Disco Needs You» (Almighty Mix Edit) – 3:29 «Your Disco Needs You» (Video)

Australsk CD «Giving You Up» – 3:31 «Made of Glass» – 3:12 «Giving You Up» (Riton Re-Rub Vox) – 6:31 «Giving You Up» (Alter Ego Dub) – 6:32 «Giving You Up» (Video)

Topplisteplasseringar Toppliste (2005)ListeplasseringAustralia (ARIA Charts)8Austerrike (Ö3 Austria Top 40)45Belgia (Ultratop 50 Flandern)25Danmark (Tracklisten)12Europa (European Hot 100 Singles)13Finland (Suomen virallinen lista)14Tyskland (Media Control Charts)27Irland (IRMA)20Nederland (Dutch Top 40)34Spania (PROMUSICAE)6Sveits (Schweizer Hitparade)40Storbritannia (UK Singles Chart)6

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Giving You Up» frå , den 11. februar 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida for Kylie Minogue Songteksten på MetroLyrics

Kategori:Kylie Minogue-songar Kategori:Songar frå 2004 Kategori:Singlar frå 2005 Kategori:Songar skrivne av Kylie Minogue