Gerhard Christopher Krogh () var ein norsk lærar, offiser, forfattar og stortingsmann frå Bergen. Han vart medlem av Stortingets Venstreforening då denne vart skipa i 1883.
Krogh var son til ein skipper. Han avla eksamen ved sjøkrigsskulen i 1861 og var deretter sekondløytnant ved den bergenske brigade i to år. Perioden 1864-76 var han lærar ved Tanks skole i Bergen. Utnemnd til kaptein og kvartermeister i 1877 og oberstløytnant og sjef for Hardanger landevernbataljon i 1891. Til sist, 1897-1905, oberst og sjef for 3. korps og Bergen linjebataljon.
Krogh var medlem av bystyret i Bergen frå 1873 til 1901, ordførar 1879 og 1891. Elles var han sekretær i Bergens jarnbanekomite 1873-78, og frå 1884 styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Bergen. Han vart i 1878 medlem av ein kongeleg kommisjon vedkomande utgreiing av spørsmålet om verkstadbedrift for infanteriavdelingane.
Krogh representerte Bergen på Stortinget frå 1880 til -88. Valbolken 1880-82 var han medlem av vegkomiteen, sidan var han formann i same. Han var medlem av valkomiteen 1882-88 og sekretær i Lagtinget i valbolken 1883-85, deretter var han president i Lagtinget 1886-88. Valbolken 1895-97 var han 1. varamann frå Bergen, møtte på Stortinget to gonger i juni og juli 1896.
Han gav ut fleire lærebøker i fag som rekning, geometri og historie.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Bergen