Ole Gunnar Fidjestøl () er ein norsk, tidlegare skihoppar frå Kristiansand. I 1988 nådde Fidjestøl toppen då han vart verdsmeister i skiflyging. Frå laghopping har han sølvmedaljar frå verdsmeisterskapane 1987 og 1989, og bronsemedalje frå Vinter-OL 1988. I verdscupen elles hadde han fire sigrar, fire andreplassar og tre tredjeplassar. Beste samanlagtplasseringa i verdscupen, ein fjerdeplass, oppnådde han i 1989-sesongen. Han vart noregsmeister fire gonger, 1987, 1988 og i begge bakkane i 1990, då han vart tildelt kongepokalen. I den tysk-austerrikske hoppveka vart han totalt som best nr fem i 1983/84. Fidjestøl, som tevla for Vikersund IF, var på sitt beste i dei store bakkane og då særleg i skiflygingsbakkkar.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1983: Nr 4 i Holmenkollen (debut) 1983/84: Nr 3 i Oberstdorf 1985: Vinnar i Harrachov (skiflyging) 1986: Nr 6 i Planica 1987: Siger i Planica og to andreplassar 1988: Verdsmeister i skiflyging i Oberstdorf. Nr 2 i Holmenkollen 1989: To sigrar; Oberhof og Harrachov (skiflyging), samt ein andreplass 1990: To tredjeplassar; Bischofshofen og Zakopane 1990/91: To 9. plassar 1992: Nr 12 i VM i skiflyging i Harrachov
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1984: Nr 5 i storbakken i Meldal Ski-NM 1985: Nr 5 i storbakken i Bærum Ski-NM 1986: Bronsemedalje i storbakken i Oslo Ski-NM 1987: Gullmedalje i storbakken på Odnes Ski-NM 1988: Bronsemedalje i storbakken på Rena Ski-NM 1989: Gullmedalje i storbakken på Odnes Ski-NM 1990: Gullmedalje både i normalbakken i Fluberg og i storbakken i Meldal (Kløvsteibakken) Ski-NM 1991: Nr 5 både i normalbakken på Rognan og i storbakken i Bærum Ski-NM 1992: Nr 4 i storbakken i Trondheim
Fidjestøl la opp i 1992. Han var utteken til å hoppe med OL-fakkelen under opningsseremonien på Lillehammer 1994, men fall under eit prøvehopp og vart så skadd at Stein Gruben tok over.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Ole Gunnar Fidjestøl i olympedia.org Ole Gunnar Fidjestøl i fis-ski.com
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skiflyging Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Kristiansand