Halvor Næs () var ein norsk skihoppar frå Trysil. Han kom på delt fjerdeplass i hopprennet under Vinter-OL 1952 i Oslo, i lag med Toni Brutscher. I 1953 vann han i Bischofshofen det siste rennet i den aller fyrste tysk-austerrikske hoppveka. I kvar av dei andre renna vart han nummer fire, høvesvis Innsbruck, Oberstdorf og Garmisch-Partenkirchen. Samanlagd i hoppveka vart han nummer 2. Med 877,5 poeng var han 1,1 poeng bak vinnaren Sepp Bradl. Næs vart noregsmeister i 1957 og vann bronsemedaljen i NM både i 1960 og 1961. Næs var medlem i idrettslaget Trysilgutten.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1951: Nr 3 i Svenska skidspelen i Sundsvall 1952: Delt 4. plass i OL-tevlinga i Holmenkollen 1953: Siger i Bischofshofen, nr 4 i Holmenkollen 1954: Nr 8 i VM i Falun 1959: Nr 4 i Holmenkollen 1960: Nr 11 i OL i Squaw Valley. Nr 9 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1951: Nr 12 i Narvik Ski-NM 1952: Nr 9 i Porsgrunn Ski-NM 1953: Nr 6 Ski-NM 1954: Nr 5 på Kongsvinger Ski-NM 1955: Nr 8 på Voss Ski-NM 1956: Nr 10 i Drammen Ski-NM 1957: Gullmedalje i Mo i Rana Ski-NM 1959: Nr 4 på Gjøvik Ski-NM 1960: Bronsemedalje i Nedre Eiker Ski-NM 1961: Bronsemedalje på Røros Ski-NM 1963: Nr 5 i Rælingen Ski-NM 1965: Nr 6 i storbakken i Bærum Ski-NM 1966: Nr 12 i normalbakken på Rena
Næs vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1964.
Bakgrunnsstoff Halvor Næs i fis-ski.com Halvor Næs i olympedia.org Skiforeningens prisvinnerliste over Holmenkollmedaljen i PDF-format
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1960 Kategori:Folk frå Trysil