Sverre Stallvik () var ein norsk skihoppar frå Trondheim som vart noregsmeister i 1955. Han var medlem i Byåsen Idrettslag.
Aktiv Stallvik slo seg inn i eliten av norske skihopparar i 1949-sesongen. Han vann hopprennet i Svenska skidspelen i 1950 og vart nummer to i 1953, då svensken Karl Holmström vann. Også i Holmenkollrennet vart han nummer to i 1953, bak overraskingsmannen Otto Austad. I 1955 vart Stallvik noregsmeister på Voss, 0,9 poeng føre Asbjørn Osnes.
I Ski-VM 1954 i Falun vart Stallvik nr 17. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1955/56, og vart nummer 8 i opningsrennet i Oberstdorf. Til liks med heile den norske hopptroppen reiste han etter to renn heim til Noreg, for å trene til OL i Cortina d'Ampezzo. Under Vinter-OL 1956 vart han nummer ni og beste nordmann.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1949: Nr 4 i Holmenkollen 1950: Siger i Svenska skidspelen i Falun 1951: Nr 4 i Holmenkollen 1952: Nr 13 i Holmenkollen 1953: Nr 2 både i Holmenkollen og Svenska skidspelen i Falun 1954: Nr 17 i VM i Falun 1955: Nr 7 i Holmenkollen 1955/56: Nr 9 i OL i Cortina d'Ampezzo. Nr 8 i Oberstdorf
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1949: Nr 7 på Steinkjer 1950: Nr 9 i Bærum 1951: Nr 5 i Narvik 1952: Nr 6 i Porsgrunn 1953: Nr 5 i Trondheim 1954: Nr 10 på Kongsvinger 1955: Gullmedalje på Voss 1956: Nr 7 i Drammen
Kjelder FIS-biografi Byåsen IL Hopp-kombinert Hall of Fame Sports-Reference.com: Sverre Stallvik Arne Thoresen: Lengst gjennom lufta. Versal Forlag, Oslo 2007. ISBN 978-82-8188-030-6, s. 121-122, 334-341
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1956 Kategori:Folk frå Trondheim