«Wrapping Paper» er ein song med musikk av Jack Bruce og tekst av Pete Brownhttp://www.jackbruce.com/2008/Words/album_lyrics/lyrics_fresh_cream.htm, framført av Cream og opphavleg gjeven ut som singel i 1966. Singelen vart seinare gjeven ut på The Very Best of Cream. Songen har ein ganske særeigen stil, ein langsam jazz-song i stor kontrast til den harde blues bandet elles spelte på denne tida med songar som «N.S.U.» og popstilen på «I Feel Free». Singelen nådde 34. plass på den britiske singellista.

Ginger Baker har hevda at han og Eric Clapton mislikte songen og at Bruce og Brown «gjekk bak ryggen på dei» for å få han gjeven ut på singel. Kor sant dette er, er vanskeleg å stadfeste. I eit intevju kalla Baker songen «den største drittsongen eg har høyrt nokon gong»"

Tekst Teksten til «Wrapping Paper» omhandlar ein mann som har tapt kjærleiken sin og stadig oppdagar at han ser på bilete av seg sjølv og kjærleiken og ønskjer å dra attende til «huset ved breidda». Teksten har likskap til songar som «Dreaming» og «The Coffee Song».

Medverkande Jack Bruce - Solovokal, bassgitar, piano, cello Eric Clapton - Korvokal, gitar Ginger Baker - Trommer, perkusjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wrapping Paper» frå , den 12. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Cream-songar Kategori:Songar skrivne av Jack Bruce Kategori:Reaction Records-singlar Kategori:Rhythm and blues-songar Kategori:Debutsinglar frå 1966