Totternhoe Knolls er ein kalksteinås som ligg nordvest for landsbyen Totternhoe i Bedfordshire i England. Restane av eit slott frå mellomalderen ligg på åsen.J. Dyer, Bedfordshire, Shire County Guide 12, ISBN 0-85263-858-2, 1987, s. 11. Han har status som Site of Special Scientific Interest, som eit døme på kalkslette.Natural England, Totternhoe Knolls.
På vestsida av åsen låg det i mellomalderen eit steinbrot for Totternhoe-stein. Dette området vert kalla Little Hills og teke var på av Wildlife Trust for Bedfordshire, Cambridgeshire, Northamptonshire and Peterborough som eit naturreservat.Wildlife Trust, Totternhoe Knolls and Totternhoe Quarry; Wildlife Trust, Blooming gorgeous in Bedfordshire.
Totternhoe Castle Totternhoe Castle var eit normannisk motte-and-bailey-slott frå 1000-talet. Det låg ovanfor landsbyane Eaton Bray og Stanbridge. Normannane flata ut toppen av åsen og skapte eit vidt område med kalksletter. Festninga, på toppen av jordhaugen, var omringa av ein mur, først av tømmer og seinare av stein.
Staden vart grave ut mellom 1921 og 1932 og igjen i 2001. I 2001 oppdaga ein at slottet var bygd over ei førhistorisk og romersk inngjerding.
Staden har status som scheduled monument. Berre festningsvollane er igjen etter slottet.The Gatehouse, Totternhoe Castle.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Totternhoe Knolls» frå , den 14. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff BBC Beds, Herts and Bucks, Totternhoe Knolls. Chilterns Conservation Board, Totternhoe Knolls . M. Fearon, Totternhoe Knolls Bedfordshire England. English Heritage, Record of Scheduled Monuments, Totternhoe Castle. GENUKI, Totternhoe.
Kategori:Naturreservat i Bedfordshire Kategori:Sites of Special Scientific Interest i Bedfordshire Kategori:Åsar i Bedfordshire Kategori:Slott i Bedfordshire Kategori:Turistmål i Bedfordshire