Det fjerde albumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin kom ut 8. november 1971. Det finst ingen tittel på omslaget, så det vert som regel kalla Led Zeppelin IV, etter namnestandarden på dei tre første studioalbuma. Andre alternative namn er dei fire symbola på sjølve plata, Four Symbols, The Fourth Album (desse to titlane har vorte nytta av Atlantic Records), Untitled, The Runes, ZoSo og The Hermit. Zoso er òg eit kallenamn på gitaristen i bandet, Jimmy Page.
Då det kom ut var Led Zeppelin IV ein kommersiell suksess som fekk god kritikk. Albumet er ei av dei bestseljande nokon gong med 32 millionar selde eksemplar. Det er seld 23 millionar eksemplar berre i USA, og er det tredje mest selde albumet i landet. I 2003 vart albumet rangert på 66. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Innspelinga Albumet vart opphavleg spelt inn i det nye studioet til Island Records, Basing Street Studios i London, samstundes som Jethro Tull spelte inn Aqualung i desember 1970. Etter forslag frå Fleetwood Mac,Michael Leonard, "Heaven Sent", Q Led Zeppelin Special Edition, 2003. flytta bandet så til Headley Grange, eit avsidesliggande viktoriansk hus i East Hampshire i England, for å gjere ytterlegare innspelingar. Her nytta dei Rolling Stones Mobile Studio. Gitarist Jimmy Page sa seinare, «me trengde omgjevnader der me kunne ta oss ein kopp te og gå rundt i hagen og så gå inn og gjere det me måtte gjere.».Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Den avslappande atmosfæren i Headley Grange gav bandet òg andre fordelar. Dette vart seinare forklart av Dave Lewis, «ved å flytte til Headley Grange under innspelingsperioden, vart mange av songane på albumet laga der og då og så fanga på lydband nesten samstundes»
Så snart grunnspora var spelte inn, gjorde bandet seinare ytterlegare opptak i Island Studios, og så tok dei dei ferdige masterteipane til Sunset Sound i Los Angeles for å mikse dei. Dei vart derimot ikkje nøgde med miksen og det førte til at albumet vart utsett. Ytterlegare miksing vart gjort i London og albumet vart utsett fleire månader.
Tre andre songar frå innspelinga, «Down by the Seaside», «Night Flight» og «Boogie With Stu» (med Rolling Stones-samarbeider Ian Stewart på piano) kom ikkje med på albumet, men vart alle gjevne ut fire år seinare på dobbeltalbumet Physical Graffiti.
Albumtittelen Etter den lunkne, om ikkje forvirrande og stundom avskrivande, kritiske reaksjonen på Led Zeppelin III seint i 1970, bestemte Page at det neste Led Zeppelin-albumet ikkje skulle ha noko tittel, men berre fire handteikna symbol på innsida av omslaget på og på plateetiketten, eit symbol for kvart av dei fire medlemmane. «Me bestemte oss for at på det fjerde albumet, så skulle me ikkje nytte bandnamnet, og heller ikkje noko anna informasjon på utsida av omslaget», forklarte Page. «Namn, titlar og ting som det betyr ingenting.»
Page har òg sagt at avgjersla om å gje ut albumet utan skriftleg informasjon på omslaget vart sterkt imot råda han fekk av presseagenten, som sa at etter eitt år utan albumutgjevingar og konsertar, så ville dette vere det same som «profesjonelt sjølvmord».Dave Schulps, Interview with Jimmy Page , Trouser Press, October 1977. Page forklarte: «Me hadde berre stor tiltru til det me dreiv på med.» I eit intervju med The Times i 2010, utdjupa han dette:
Sidan albumet ikkje hadde ein offisiell tittel, distribuerte Atlantic Records først dei grafiske symbola i mange storleikar som pressa kunne bruke i lister og i artiklane sine. Albumet var eit av dei første som vart laga utan vanleg identifikasjon, og dette kommuniserte ut ei anti-kommersiell stilling som var kontroversiell på denne tida (særleg hos enkelte leiarar i Atlantic Records).
Ideen om at kvart bandmedlem skulle ha sitt eige personlege emblem på omslaget var Page sin ide. I eit intervju i 1977 sa han: Etter all denne driten me hadde hatt med kritikarane, sa eg til alle at det var ein god ide å sette på noko som var heilt anonymt. Først ønskte eg berre eit symbol på det, men så var det avgjort at sidan det var det fjerde albumet og det var fire av oss, så kunne me ha eitt symbol kvar. Eg utforma mitt sjølv og dei andre hadde sine årsaker til å skape symbola dei hadde.
Det er òg eit femte, mindre symbol valt ut av gjestevokalist Sandy Denny som representerte bidraget hennar til songen «The Battle of Evermore». Det finst i lista over medverkande på innsida av omslaget.
Plateomslaget Oljemåleriet frå 1800-talet på omslaget vart kjøpt frå ein antikvitetshandlar i Reading i Berkshire av Robert Plant. Måleriet vart så hengt opp på eit delvis øydelagd hus for biletet på omslaget.
Omslaget for IV var eit av ti som Royal Mail valde ut for «klassisk plateomslag»-frimerke i januar 2010.
Utgjeving og mottaking
Albumet kom ut 8. november 1971. Som ein del av marknadsføringa av albumet vart fleire reklamar nytta der kvart symbol vart sett ut i musikkpressa.
Albumet selde massivt heilt frå starten av og gjekk inn på den britiske lista på førsteplassen og låg på lista i 62 veker. I USA låg det lengre enn noko anna Led Zeppelin-album på lista og vart det bestseljande albumet i USA som aldri nådde toppen av lista (det nådde andreplassen). «Til sjuande og sist», skriv Lewis, «vart det fjerde Zeppelin-albumet det mestseljande albumet i katalogen deira og det mest kritikarroste i heile karrieren.»
Lovord I 1998 stemnde lesarane av Q magazine Led Zeppelin IV til det 26. beste albumet gjennom tidene. I 2000 plasserte Q det igjen på 26. plass på lista over dei 100 største britiske albuma nokon gong. I 2003 vart det rangert på 66. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Pitchfork Media rangerte det på 7. plass på lista deira over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.
I 2006 vart det rangert som det beste britiske albumet nokon gong av Classic Rock, og same året kåra lesarane av Guitar World albumet til det beste gjenonm tidene.
Publikasjon Land Lovord ÅrRangering Mojo Storbritannia "The 100 Greatest Albums Ever Made" 1996 24 Grammy Awards USA Grammy Hall of Fame Award 1999 * The Guitar USA "Album of the Millenium" 1999 2 Classic Rock Storbritannia "100 Greatest Rock Albums Ever" 2001 1 Rolling Stone USA "500 Greatest Albums Ever"500 Greatest Albums | Rolling Stone Music | Lists 2003 66 Pitchfork Media USA "Top 100 Albums of the 1970s" 2004 7 Q Storbritannia "The Greatest Classic Rock Albums Ever" 2004 * Robert Dimery USA 1001 Albums You Must Hear Before You DieDimery, Robert - 1001 Albums You Must Hear Before You Die; s. 856 2005 * Q Storbritannia "100 Best Albums Ever" 2006 21 Classic Rock Storbritannia "100 Greatest British Rock Album Ever" 2006 1 Rock and Roll Hall of Fame USA "The Definitive 200: Top 200 Albums of All-Time" 2007 4
(*) uordna liste.
Innhald
Albumlister Album Liste (1971–1972)Topplassering Den japanske albumlista2 Den norske VG-lista3 Den britiske albumlista1 US Billboard 2002 Den tyske albumlista9 Den franske albumlista2 US Cash Box Top 100 Albums1 US Record World Top Pop Albums1 Kanadiske RPM 100 Albums1 Den spanske albumlista8 Australske Go-Set Top 20 Albums2
Medverkande Led Zeppelin Jimmy Page – akustisk and elektrisk gitar, mandolin, produsent Robert Plant – vokal, munnspel John Bonham – trommer John Paul Jones – synthesizer, bassgitar, klaverinstrument, mandolin, blokkfløyte
Andre musikarar Sandy Denny – vokal på «The Battle of Evermore» Ian Stewart – piano on «Rock and Roll» (ikkje oppført)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Led Zeppelin IV» frå , den 25. mars 2011.
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Album produserte av Jimmy Page Kategori:Led Zeppelin-album 069 058 Kategori:Grammy Hall of Fame Award