«Teenage Dream» er ein singel av Marc Bolan and T. Rex frå 1974 og albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow.
Bakgrunn og innspeling Etter å ha gjeve ut plater under namnet 'T. Rex' sidan 1970, vart «Teenage Dream» den første som var tilskriven 'Marc Bolan and T. Rex'Strong, Martin C. (2003) The Great Indie Discography, Canongate, ISBN 1-84195-312-1, s. 112 «Teenage Dream» vart produsert av Tony Visconti og Bolan, og hadde med Lonnie Jordan frå War på piano. Han vart gjeven ut som singel i februar 1974 og låg fem veker på britiske Topp 40, der han nådde 13. plass."Teenage Dream", Chart Stats, henta 30. mars 2011 Songen er av Allmusic skildra som «meir eller mindre ein mini-opera» med «høgtflygande strykarar, hylande gitarar, tårnande kor og ei kjensle av drama».Thompson, Dave "[ Teenage Dream]", Allmusic, henta 30. mars 2011 Bolan rekna «Teenage Dream» som den beste teksten han hadde skrive. Han skreiv og spelte inn songen medan han var på turne i USA i august 1973.Paytress, Mark (2002) Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar, Omnibus Press, ISBN 978-0711992931, s. 262
«Teenage Dream» vart nytta i filmen Scott Pilgrim vs. the World frå 2010.
Andre versjonar Songen er òg spelt av Darryl Read og Marc Almond.Sinclair, David (2007) "Marc Bolan: the celebration", The Times, 17 September 2007, henta 30. mars 2011
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Teenage Dream (Marc Bolan song)» frå , den 30. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Glamrock-songar Kategori:T. Rex-songar Kategori:Songar skrivne av Marc Bolan Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:EMI Records-singlar