Emil Anton Simonsen () var ein norsk handelsmann frå Måsøy. Han var stortingsmann for Høgre i tre valperiodar.
Simonsen var son til ein handelsmann. Sjølv var han eit år i Russland for å lære seg russisk. Sidan var han styrar og etterkvart medeigar i handelsstaden Kjelvik, samt handelsstaden Kamøyvær i same heradet. Han var ordførar i Kjelvik frå 1878 til han døydde, på to år nær. Også forlikskommissær i mange år.
Simonsen representerte Finnmark på Stortinget frå 1889 til -97. Han var permittert i 1894 frå 8. mars og heile 1897-sesjonen. Om sommaren same året døydde han under eit mellombels opphald i Hammerfest.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Folk frå Måsøy Kategori:Folk frå Nordkapp