Peter Johan Moe () var ein kjøpmann, fabrikkeigar, skipsreiar og stortingsmann frå Kristiansand. Ole Pedersen Moe var far hans.

Moe utdanna seg til handelsmann, mellom anna var han to år i Hamburg. Sidan slo han seg ned i fødebyen som kjøpmann, fabrikkeigar, verftseigar og skipsreiar. Han var medlem av bystyret frå 1861 til -88 og styremedlem i Noregs Bank. Elles var han sparebankdirektør i 20 år.

Moe var 2. representant frå Kristiansand på Stortinget 1883-85. Han var medlem av jarnbanekomiteen, i 1883 også av traktatkomiteen. Moe slutta seg til Venstre då partiet vart danna. Før valet i 1885 baud han seg fri for attval.

Han døydde på garden Sommerø i Oddernes i 1911, ein gard som han hadde arva etter far sin.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Vest-Agder og Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Norske bankfolk Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Kristiansand