Børt-Erik Thoresen () var ein norsk TV-personlegdom, visesongar, musikar, låtskrivar og skodespelar frå Dovre. Thoresen var bror til Åse Thoresen.

Thoresen spelte både gitar og fiolin. Han platedebuterte i 1954, og gjorde mellom anna innspelingar med systera. Frå 1964 til 1968 jobba han som skodespelar, mest på Rogaland Teater, men også på Det Norske Teatret. Han spelte ofte i musikalar og operettar.

Han vart tilsett i underhaldningsavdelinga i NRK i 1968 og laga ei rekkje program rundt norsk folkemusikk og gamaldans. Frå slutten av 80-talet til 1992 jobba han ved Opplandsradioen på Lillehammer. Han var gift med operasongarinna Aase Nordmo Løvberg.

Plateinnspelingar 1966: Hei huskom i hei - utgitt på plateselskapet Nor-Disc 1966: Viser ved peisen - med Åse Thoresen, Triola 1969: Folkelige viser - med Åse Thoresen, Triola 1974: Ekko fra Dombås - Triola 1975: Børt-Erik Thoresen med nogo attåt - samleplate 1978: Hjembygdas melodi - Triola 1977: En visebukett - med flere artister, Philips 1984-1988: Glade minner 1 – 3 (Glad Musikk) - med Åse Wentzel og Gunnar «GP» Pedersen 1997: Børt-Erik Thoresen valser og viser seg.. - samleplate

Bøker Viser ved peisen, Oslo 1978: Cappelen Ekko fra Dombås (ca. 1960)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Børt-Erik Thoresen» frå , den 16. april 2011.

Biografi i Norsk pop- og rockleksikon fra 2006

Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Norske visesongarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Dovre