Bring er eit norsk post- og logistikkselskap med verksemd i og utanfor Norden. Bring blei skipa som eiga merkevare i 2008, og var eit resultat av Posten Norge sin vekststrategi og satsing i den nordiske marknaden, det blei òg lettare å sjå skilnaden på den tradisjonelle postverksemda, som heldt fram under merkenamnet Posten, og godsverksemda innanfor Bring.

Tenester Bring har eit nordisk distribusjonsnettverk og internasjonale samarbeidspartnarar som leverer sendingar uansett vekt eller storleik, med bil, båt, fly eller tog til mottakaren i heile verda, inklusiv bod- og ekspressleveransar. Lagerløysingar og transporttenester til oljeservicebransjen er òg ein del av verksemda. Bring Cargo – Nasjonal og internasjonal godstransport med bil, båt, fly eller tog Bring Express – Bod- og ekspressleveransar Bring Frigo – Temperaturregulert logistikk av matvarer Bring Parcels – Pakkedistribusjon Bring Supply Services – Fjerdeparts logistikkløysingar Bring Warehousing – Lagerløysingar for dei fleste typar produkt Bring Mail – Lokal, nasjonal eller nordisk distribusjon av brev, varer og reklame for selskap Bring Citymail – Industriell post for selskapskundar i Sverige Bring Dialog – Kundedialog og CRM

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bring» frå , den 22. april 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 2008 Kategori:Postvesen Kategori:Norske føretak