mini|Vogn trekt av to hestar med skylappar i Drongengoedbos i Belgia. mini|Hest med mjølkevogn i New Orleans i 1903. Hestevogn er ei vogn som vert dregen av ein eller fleire hestar. Ein kan nytta alt frå ein hest til eit spann på fire, seks, eller fleire hestar. Det finst eit utal ulike vogner for hest, både for transport av gods og folk. Tidlegare var dette ein vanleg transportmetode over heile verda, men i dag er dei for det meste erstatta av motorisert transport. Bortsett frå i visse samfunn vert hestevogner no stort sett berre nytta i samband med spesielle høve, som bryllaup og paradar, hesteløp og turisme.
Nokre vogntypar Bikkvogn, einaksla vogn som kan tippast Diligence, lukka, firhjula vogn dregen av minst to hestar Gigg, tohjult einspent hestevogn Kalesjevogn, lett firehjuls vogn med kalesje Karét, stor, lukka vogn eller gallavogn Karjol, lett tohjulsvogn for éin person og skysskar Landauer, firehjult kalesjevogn trekt av to hestar Prærievogn, overdekt vogn brukt av nybyggjarar i Nord-Amerika Sledevogn, vogn som også kan brukast som slede Sulky, lett tohjult vogn brukt til travkøyring Teltvogn, vogn med tak av lerret eller liknande til lengre reiser Trille, lett firhjula vogn Troika, russisk vogn trekt av tre hestar
Sjå òg Kusk
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Køyretøy Kategori:Dyretransport Kategori:Hestetransport