«TVC 15» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie og gjeven ut i 1976 på albumet hans Station to Station.

Songen var inspirert av ein episode der Iggy Pop, under ein dopinfluert periode heime hos Bowie, hallusinerte og trudde at fjernsynet hadde ete kjærasten hans. Bowie utvikla ei soge om eit holografisk fjernsyn, TVC 15. Etter at kjærasten kraup inn i fjernsynet og forsvann, ønskjer han å krype inn sjølv for å finne ho.

Songen er blitt kalla «upassande munter» og «den særaste hyllesten til The Yardbirds ein kan tenkje seg». Kritikaren Robert Christgau skildra songen som ei «uimotståeleg» blanding av Lou Reed, disco og Huey Smith.

Han vart vald ut som den andre singelen frå albumet i Storbritannia, der han nådde 33. plassen. Då Bowie ikkje lunne spele på showet Top of the Pops for å marknadsføre singelen, vart det nytta ei bisarr tolking av dansetruppen Ruby Flipper. B-sida «We Are the Dead» var henta frå det tidlegare albumet Diamond Dogs. Songen nådde 64. plassen på Billboard-lista i USA og topp 20 i Sverige.

I Amerika vart «Stay» vald ut som den andre singelen frå albumet.

Innhald Alle songar skrivne av David Bowie. «TVC 15» – 3:43 «We Are the Dead» – 4:58

Medverkande Produsentar: Harry Maslin David Bowie Musikarar: David Bowie: solovokal, saksofon Warren Peace: perkusjon, korvokal Carlos Alomar, Earl Slick: elektrisk gitar George Murray: bass Dennis Davis: trommer Roy Bittan: piano

Konsertversjonar Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 kom ut på Live Nassau Coliseum '76, som vart gjeven ut i 2010 på nyutgjevingar av Station to Station, og i 2016 i plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976), og til slutt som eit sjølvstendig album i 2017. Opptak frå «Heroes»-turneen i 1978 er komen ut på Stage (1978) ogWelcome to the Blackout (2018). Den 14. desember 1979 framførte Bowie «TVC 15» som musikalsk gjest på Saturday Night Live, akkompagnert av Klaus Nomi og Joey Arias. Bowie song songen på Live Aid-konsertane i juli 1985. Denne var langt raskare og meir livleg enn originalen.

Andre utgjevingar Songen finst på fleire samleplater: The Best of Bowie (1980) Fame and Fashion (1984) Sound and Vision-boksen (1989) Bowie: The Singles 1969-1993 (1993) The Singles Collection (1993) Best of Bowie (2002) Singelversjonen finst på The Best of 1974/1979. Ein versjon som er kortare enn singelversjonen finst på Christiane F. soundtrack. Songen vart gjeven ut som ei biletplate i RCA Life Time-settet.

Andre versjonar Comateens – Comateens The Wannadies - Only Bowie (1995)

Salslister Liste (1976)PlasseringDen franske singellista53

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «TVC 15» frå , den 9. august 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Harry Maslin Kategori:Songar om fjernsyn