«The Secret Life of Arabia» er ein song skriven av David Bowie, Brian Eno og Carlos Alomar i 1977 for albumet "Heroes". Det var den siste songen på albumet etter instrumentalen «Neuköln». Som songen til Bowie frå 1971, «Life on Mars?», omhandla songen ei verd der film og røyndom vert blanda.
NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skildra songen «som å sjå 'The Sheik' på syre og le roleg for seg sjølv. Vokalen til Bowie er oppriktig morsom».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.92 Forfattar Nicholas Pegg rekna songen som ein «urettvis oversett» song, og nemnde dei ekstreme ytterpunkta frå bass til falsett i vokalen til Bowie.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.181 For biografen David Buckley øydela «The Secret Life of Arabia» den dramatiske effekten på albumet, men meinte at det var ein flott song. Han meinte at den siste tonen på «Neuköln» burde ha vore den siste lyden på albumet.David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.325
Andre utgjevingar
Han finst på The Best of 1974/1979-samlinga frå 1998.
Andre versjonar
Nina Hagen – konsertopptak frå NunSexMonkRock-turneen. Billy Mackenzie – på British Electric Foundation-albumet Music of Quality and Distinction Volume One (1982) og på David Bowie Songbook.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Secret Life of Arabia» frå , den 9. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1977