Sten Michael Grytebust () er ein norsk fotballkeeper som spelar for Aalesund i Eliteserien. Han kom til AAFK frå moderklubbeben Ellingsøy IL i 2009.

I 2016 vart han kjøpt av danske Odense Boldklub. I åra fram til 2021 stod han i mål for dei danske superligaklubbane OB, F.C. København og Vejle BK.

Frå 2022 spelar han på nytt i Aafk.

Grytebust har fleire landskampar for Noreg i yngre klasser. Han fekk debuten på det norske A-landslaget, som innbytttar, i 2-0 sigeren over Macedonia 11. juni 2013.

I tida som keeper i Odense, vann han to gonger utmerkinga Det gyldne bur, årets målmann i Danmark. Fotnotar

Kjelder Spelarprofil på Aalesund sine nettsider

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Aalesund-spelarar Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:Odense-spelarar Kategori:FC København-spelarar