Loughborough (uttalt ) er ein by i Charnwood i Leicestershire i England. Han har kring 65 000 innbyggjarar og er den neste største byen i Leicestershire etter Leicester. Her ligg Loughborough University.

I 1841 var Loughborough målet for den første pakketuren, organisert av Thomas Cook for ei avhaldsgruppe frå Leicester. Byen har den største bjøllestøyperiet i verda — John Taylor Bellfounders, som har laga bjøller for Carillon krigsminnesmerke, eit landemerke i Queens Park i byen, Great Paul for St. Paul's Cathedral, og York Minster. Byen vart først nemnd i Domesday Book i 1086.

Sidan det bur mange australiarar i byen knytte til universitetet, vert byen stundom kalla Loogabarooga.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Loughborough» frå , den 13. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Leicestershire